Fantomet
Fantomet
 
MENY
Hovedsiden Forum Nyheter Artikler Intervju Fantometfakta Søk Utgivelsesoversikt Beste Fantomet-historier Lenker Komplett fantometindeks
FANTOMETFAKTA
Fantometgenerasjonene Guran og Bandarene Sala Palmer-Walker Hodeskallegrotten Jungelpatruljen Ulv og Hero Rex King Eden Jungelord Fantomets våpen Kart over Bengal
SKAPERNE
Grunnleggerne av Fantomet Forfattere Tegnere
FORSIDER
Referanseside for cover "All time" Beste forsider
DAGSTRIPER OG SØNDAGSSIDER
Søndagssidene Dagstriper Fantomet i norske aviser
ANNET
Om nettstedet Kontakt Sidekart English menu
Fantomet
La ikke anledningen gå fra deg, delta i diskusjonen på forumet nå!

Kýzýlmaske – det tyrkiske fantomet

Tyrkia er eit land som er relativt ukjent i teikneseriesamanheng. Likevel var faktisk Tyrkia kanskje det fyrste landet utanfor USA til å publisere Mandrake. Dette skjedde i vekebladet Büyük Gazete. 13. mai 1935. Det varte ikkje lenge før også Fantomet fann vegen til denne delen av verda.

I bladet Çocuk Sesi – nummer 502, tredje august 1939 for å vere nøyaktig – starta Fantomet si karriere i Tyrkia. Det fyrste namnet han gjekk under var Dev Adam, som på tyrkisk tyder Kjempa, eller Den store mannen. Det tok endå meir av då forlaget Türkiye Yayýnevi gav ut 1001 Roman, eit blad som for det meste baserte seg på teikneseriar. Dette bladet vart svært populært, og både Fantomet og Mandrake fekk plass der. Fantomet skifta no namn frå Dev Adam til Kýzýlmaske, som tyder Raude maske. Dette indikerer inspirasjon frå Italia, for der har Fantomet raud trikot. I 1940 kom det endå eit namn på den populære helten, nemleg Kýzýl Gölge – Raude skugge. Dette namnet vart brukt i barnebladet Yeni Macera Dünyasý og oppfølgjaren Çocuk Dünyasý. I tillegg til desse publikasjonane, gav Türkiye Yayýnevi ut eit månadshefte der kvart blad berre hadde historier frå ein spesiell helt, altså ingen biseriar eller slikt. Mange av desse månadshefta hadde historier om Fantomet.

1001 Roman gjekk inn i 1952. Litt seinare kom bladet Haftalýk Albüm (vekemagasinet), som også gav mykje plass til både Mandrake og Fantomet. Eit anna magasin oppstod også på 50-talet, nemleg 1001 Özel (1001 spesial), eit magasin som spelte mykje på populariteten til 1001 Roman og hadde også Mandrake og Fantomet, samt eit assortement av ulike dårlege seriar skjult bak flotte cover. I tillegg vart både Fantomet og Mandrake brukt i teikneserien Red Kit, som vi kjenner betre som Lucky Luke, i 1965 og igjen i 1968. På 60-talet var der og teikneseriehefte om Mandrake og Fantomet, men desse eksisterte berre i ein svært kort periode. I desse hefta vart det blant anna brukt reprints av seriane som hadde gått i Red Kit.

At Fantomet var populært i Tyrkia er ikkje vanskeleg å sjå. Det vart til og med laga film om den maskerte hemnaren. Tyrkia har ein relativt stor filmindustri kalla Turkeywood, og i 1969 gav dei ut filmen Kizilmaske. Regien var ved Yilmaz Atadeniz, ei legende innan tyrkisk filmindustri. Hovudrolleinnehavarane var Irfan Atasoy og Sezer Guvenirgil. Filmen er i svart og kvitt, og varer i 70 minutt. Det er dessverre ikkje undertekstar, men det er mogeleg å få tak i den på eBay: http://cgi.ebay.com/ws/eBayISAPI.dll?ViewItem&category=617&item=3388639044
Eit must for ein kvar fantomet-entusiast.



70-talet var utan tvil høgdepunktet for Fantomet og Mandrake i Tyrkia. På den tida var dei fleste teikneseriane i landet av italiensk opphav, som til dømes Zagor, Tex Willer og liknande, og Mandrake og Fantomet var kanskje dei einaste amerikanske seriane som verkeleg fekk fotfeste. Unntaket var kanskje Supermann, som gjekk som biserie i bladet Kýzýlmaske, som starta i 1973. Mandrake starta året etter. Desse hefta vart starta av forlaget Tay Yayýnarlý (Tay forlag) som var eigd og styrt av Sezen Yalçýner. Teikneseriane frå Tay var svært populære, og det er sagt at mykje av populariteten skuldast dei flotte omslagsteikningane. Den mest kjende av desse illustratørane er Aslan, eller Aslan Þükür som han eigentleg heitte.

Tay Yayýnarlý held det gåande med nye utgåver kvar veke fram til 1979. Då vart gamle blad laga om til album, og etter at vekebladet vart lagt ned, heldt albuma fram med både reprints og nokre nye eventyr. Forlaget vart lagt ned i 1995, og vart etterfølgd av Ecem Yayýnlarý, som eksisterte berre i ein kort periode. Sidan den gongen har det ikkje vore produsert korkje Fantomet eller Mandrake i Tyrkia, og ein æra innan teikneserieindustrien er over.

All informasjon er henta frå:
http://www.geocities.com/rick40s2002/turk_phantom_mandrake.html
http://stores.ebay.com/Turkeywood-Movie-and-Music-Store



Steffen Hope | 07.04.05

Gjengivelse av opplysninger på denne side, helt eller delvis må avtales. Innhold er beskyttet av åndverksloven © Kjell Steen, Fantomet Norge og Karl-Johan Lien. Bilder © King Features Inc. / Egmont / Bulls. Kontakt Webmaster, se om nettstedet for øvrig info. Pygmèer online: Fatal error: Allowed memory size of 201326592 bytes exhausted (tried to allocate 24 bytes) in /hsphere/local/home/fantom/fantomet.org/include/footer.php on line 40